Bli med ein ekte årdøl på historisk vandring

DSC01886.jpg

Frå vikingtid til grøn energi

 

Kva får 20 lokale pensjonistar til ta på seg arbeidet med å utvikla ei kultur- og industrihistorisk vandring for turistar? Og i tillegg stilla som guidar for besøkande til Årdal?

Svaret er: Eit stort ønskje om å syna fram ei bygd dei er stolte av.

 
DSC01781.jpg

Dei siste åra har det gått føre seg eit heilt spesielt dugnadsprosjekt i Årdal. I 2020, eit år som elles var eit mørkt kapittel for mange reiselivsverksemder, tok dei tre årdølene Helge Rørvik, Odd Øvregard og Ingvar Laberg initiativ til å opna Årdal Turistkontor. På dugnad.

Og i skrivande stund står heile 50 personar på bemanningslista.

 
DSC01773.jpg

Og no tek dei dugnadsprosjektet eitt steg vidare ved å utvikla guida kultur- og industrihistorisk vandring i Øvre Årdal. Og etter at første testtur var over, vart det gjort klart at ambisjonane ikkje stoppar her.

DSC01868.jpg

- Me har no utvikla ein mal for eit konsept som me kan vidareutvikla til turar også i andre delar av bygda, seier Ingvar Laberg, som har hatt hovudansvaret for å skriva manus og gjennomføra første runde med dei 20 personane som har meldt seg som guidar.

DSC01890.jpg

Og planen er klar!

Tilsvarande turar skal på sikt utviklast på Årdalstangen, i Utladalen, til Blåberggruvene og Bøttejuv. For i Årdal treng ein ikkje gå mange meter før ein kan formidla spennande historie om både folk, natur og kultur.

 
DSC01843.jpg

Og ikkje minst ein industriell revolusjon som gjorde ei enkel jordbruksbygd om til eit urbant og mangfaldig lokalsamfunn.

 
DSC01823.jpg

Og om ikkje lenge kan også du bli med denne gjengen på tur. 19. juni går startskotet for dette nye og spennande tilbodet til turistar og besøkande. I samband med Nasjonalparkfestivalen under Storen, vil 20 heldige deltakarar få bli med på guida tur. Og deretter vil det bli sett opp tur på faste datoar gjennom sommaren.


Og målsetjinga i dugnadsgjengen er klar: Dei vil vera gode ambassadørar for bygda si, slik at fleire får bli betre kjend med Årdalssamfunnet. Dei vil formidla historie, naturen frå fjord til fjell, industriutviklinga og vasskrafta som gjorde det heile mogleg. Og er du blant dei som kjenner deg litt nysgjerrig på desse årdølene, så får du altså sjansen til å koma tett på nokon av dei denne sommaren. Og me kan garantera at dei nok også har ein og annan røvarhistorie på lur …


Bilete frå vandringa:

Alle foto: Torunn Todal Laberg / Visit Årdal

Torunn Todal Laberg