Gravdalen og Stølsmaradalen

Gravdalen stølsgrend i Utladalen

Gravdalen stølsgrend i Utladalen

Gravdalen

Gravdalen var tidlegare seter til Avdalen, og ligg ein times tid opp i fjellet vest for Avdalen. Turen følgjer ruta mot Stølsmaradalen fram til stiskiljet. Vår rute tek av til venstre og går først forbi Vårstølen. Hit reiste ein først til seters med dyra på vårparten. Vidare jamt bratt oppover til terrenget opnar seg og du ser dei vakre setervollane i Gravdalen. Ein draum av ein plass både somarstid og vinterstid, og eit flott utgangspunkt for turar vidare innover mot Hurrungane. Selet er låst med standard DNT-lås og ubetjent.












Stølsmaradalen

I Stølsmaradalen kan du overnatta med DNT-nøkkel. Ubetjent.

I Stølsmaradalen kan du overnatta med DNT-nøkkel. Ubetjent.

Det er ikkje så mange som har funne denne vesle perla, så ofte har du hytta og landskapet i Stølsmaradalen heilt for deg sjølv. Og for ein dal dette er! Her har du fin utsikt mot Stølsnostind, Falketind og dei andre toppane som ruvar opp på austsida av dalen. Og har du først kome til hytta kan du gjerne ta ein dag ekstra og legga turen til Stølsmaradalsfossen.

Rute

Den lettaste ruta opp til Stølsmaradalen er å følga merkinga frå Avdalen. Ei tyngre rute er å gå via Vetti og opp den bratte Brendeteigen. Dette er meir krevjande, men særleg utsikta mot Vettisfossen vegar opp for dette.

Hytta er også eit flott utgangspunkt for turar i Hurrungane.

MEIR INFO

Torunn Todal Laberg