Indre Ofredal
Perla ved sjøen i Indre Ofredal
Overnatting Indre Ofredal Bed & Breakfast
I Ofredalen kan du leiga både sjøbu og våningshus. Enten du vil overnatta eller ha eit festleg lag. Våningshuset inneheld fire rom med to senger på kvart rom.Les meir og bestill overnatting på Indre Ofredal Bed & Breakfast her.
Litt historie
Frå tidleg på 18-hundretalet og fram til siste verdskrig var det vesle fjordsamfunnet, Indre Ofredal, ein travel stad grunnlagt på vatn som drivkraft til mølle og sagbruk. Skogen i Ofredal hadde, og har, god kvalitet. Produkta frå sagbruket vart frakta til Bergen med eigen sognejekt, og med seg attende hadde sognejekten kjøpmannsvarer som vart vidareselde til sogningar som kom til Ofredalen i robåt for å handla og mala korn. Den gamle mølla, som er laga i tre, kan du framleis sjå den dag i dag.
Indre Ofredal var også hovedsæte til ordføraren i Årdal frå 1860 fram til midten av 1890, han hadde då kontor i andre etasje på sjøbua.
Plassen er eit gammalt industri område der det var saga som var hovedbruken, plank som vart saga leverte dei det meste til Bergen.
Det vart og dyrka frukt som også vart levert til Bergen og andre kundar i Sogn. Det var postkontor og telegraf her, posten vart stengd i 1987.