Om visitardal.no
Samarbeid mellom gode krefter
Visit Årdal er eit felles løft for å vise fram alt det unike kommunen har å by på.
Gjennom samarbeid mellom Årdal Utvikling, som er Årdal kommune sitt næringsselskap, og lokale reiselivsaktørar, skal vi gjere Årdal til eit enno meir attraktivt reisemål for besøkande frå inn- og utland. Med storslått natur, rik industrihistorie og opplevingar i verdsklasse har Årdal eit stort potensial som reisemål. Visit Årdal skal inspirere fleire til å oppdage fjella, fjorden, kulturen og menneska som gjer kommunen heilt spesiell.
Visit Årdal AS vart etablert i 2020 og er “reiselivsparaplyen” for reiselivsverksemdene i Årdal kommune.
Kontakt Visit Årdal: post@visitardal.no
Besøk Årdal Turistkontor