Bøttejuvet (1322 moh)
Beskriving
Spektakulær utsikt!
Turen til Bøttejuvet byr på spektakulær utsikt over Årdal, fjorden og dei dramatiske fjella rundt. Den luftige fjellformasjonen er eit populært turmål for deg som ønskjer ei litt annleis naturoppleving, med både spenning og storslått utsyn undervegs.
Turomtale
Køyr frå Årdalstangen oppover i Seimsdalen til Strupesvingen. Her startar god sti i kupert terreng til skiltet. Hald høgre mot Bøttejuv. Stien opp til stølen Skår tek deg gjennom skogsterreng oppover fjellsida. Stien flatar ut over Skår. Etter å ha fulgt stien eit godt stykke oppover, tek du til høgre og følgjer naturlege linjer mot toppen. Frå Bøttejuv får du fantastisk utsyn over Øvre Årdal og Årdalsvatnet, og innover mot dei høge tindane i Hurrungane i Jotunheimen.