Årdal friluftsbad

Årdal friluftsbad er ein populær møteplass for heile familien, med oppvarma basseng og flotte omgjevnader mellom fjord og fjell.

Bassenget i Øvre Årdal

Her kan både barn og vaksne nyte varme sommardagar med leik, bading og avslapping. Friluftsbadet ligg sentralt i Øvre Årdal og er eit perfekt stopp på varme sommardagar.

Anlegget har mellom anna vore arrangør av NM i symjing, så anlegget held internasjonal standard.

Bassenget er 50x25 meter og vert oppvarma til 28 grader.

Anlegget har også plaskebasseng for dei minste, sklier og stort grøntareal for avslapping og aktivitetar. Bassenget har dusjar, toalett og garderobe. Rett ved sida av bassengområdet finn du også ein ny klatrepark for born med treningsstativ også for vaksne.

Kioskutsal ved bassengområdet.

Opningstider

Frå 21. juni

Ope kvar dag frå 11:30 - 19:00

Prisar

Born 0 - 5 år: gratis Born 6 - 16 år: Kr 90,-
Vaksne 16+: Kr 130,-
Honnør: kr. 100
Klyppekort og årskort også tilgjengeleg.
Sjå meir på Årdal kommune sine nettsider