Utladalen og Vettisfossen
Utladalen er ei av dei mest spektakulære dalane i Noreg, kjend for dramatisk natur, fossar og høge fjell.
Vettisfossen
Utladalen er porten til Jotunheimen og byr på vakre turstiar gjennom frodig landskap og vill natur. Mange startar opplevinga ved historiske Hjelle gard, som ligg idyllisk til ved inngangen til dalen. Herfrå kan du gå vidare mot den mektige Vettisfossen, ein av dei høgaste uregulerte fossane i Nord-Europa.
Vettisfossen er det høgste verna fossefallet i Nord-Europa med eit fritt fall på 275 meter.
Vettifossen er kåra til Noregs vakraste foss - ikkje utan grunn!
Den vanlegaste måten å oppleva fossen på er ved å gå Folkevegen til Vetti, og deretter vidare på sti til fossen. Dette tek vanlegvis 3-4 timar. Vegen opp er rik på naturopplevingar. Fossen er og kjent frå litteraturen.
I boka "Under storen" skriv Jan Schwarzott:
”For ved å syna seg eineståande velskapt, veit Vettisfossen råd for eit oppbod av høve til opplevingar som ikkje finst annan stad i verda. Trass i enorme dimensjonar let dronninga seg sjå frå alle tenkjelege kantar, stadig med uhindra utsikt til heile det beine fallet".
Folkevegen til Vetti
Den snautt fem kilometer lange Vettisvegen, eller Folkevegen som ein kallar den i Årdal, går frå garden Hjelle opp heimre Utladalen til dei to gardsbruka på Vetti.
Vegen vart bygd i åra 1973-1977 som eit stort spleiselag mellom private og offentlege partar.
Vegen kryssar elva fire stader. Å gå Vettisvegen er ei ”reise” i natur og kultur av dei sjeldne.
Folkevegen vart eit gigantisk dugnadsprosjekt, der både ung og gammal, kvinner og menn jobba saman for å realisera vegsambandet mellom Vetti og Hjelle. Frå før gjekk det kløvsti her, tilpassa hest og folk.
Det tok 5 år, og 50 000 dugnadstimar, å realisera prosjektet, som med rette har blitt omtalt som det største dugnadsprosjektet i nyare tid.
Vettisfossen utsiktspunkt
Over juvet der Vettisfossen kastar seg utfor fjellsida finn du Vettisfossen utsiktspunkt i Utladalen.
Film: Leif Magne Kinserdal
Utsiktspunktet er ei rampe i cortenstål, plassert med litt utkraging over fossejuvet for å sikra at besøkande får sjå heile fossen i alle si prakt frå toppen til botnen. Plasseringa er gjort med tanke på at dei besøkande ikkje skal trenga å ta seg over gjerdet og ut på kanten av juvet for å få den beste utsikta.
Fordi dette er eit sårbart naturområde oppmodar me alle om å følga merka sti, og ikkje gå utanom gjerdet.
Turen frå Årdal startar på parkeringa på Hjelle, der turen inn i Utladalen landskapsvernområde startar. Først vandrar ein på den flotte folkevegen til Vetti Gard i ca 5 km, før ein tek av til høgre for å følgja stien opp fjellsida til toppen av fossen. Ein kan rekna +/- 1 time på oppstiginga frå Vetti gard til utsiktspunktet.
Vettisfossen vart kåra til den vakraste fossen i Noreg for nokre år tilbake, og er den høgste uregulerte fossen i Nord-Europa, med eit fritt fall på 275 meter.
FOTO: Visit Sognefjord
Utladalen nasjonalparksenter
Utladalen nasjonalparksenter er det einaste besøkssenteret for nasjonalpark som er plassert innanfor verneområdet.
Foto: Torunn Todal Laberg
Utladalen nasjonalparksenter ligg under Skåri ved Hjelle, og er eit gamalt gardsbruk i Utladalen som var i drift fram til på 1970-talet. I 1996 starta arbeidet med å restaurera det gamle kulturlandskapet. Utladalen nasjonalparksenter opna først som Utladalen Naturhus i mai 1998, og har blitt drive av Stiftinga Utladalen Naturhus heilt sidan då.
I 2024 fekk staden autorisasjon som besøkssenter nasjonalpark, og har sidan då fått på plass natursti, ny utstilling og ny profil. Føremålet er det same som før, nemleg å gje informasjon om natur- og kulturhistoria i Utladalen og Vest-Jotunheimen - med fokus på verneverdiane og naturformidling.
Nasjonalparksenteret sine tilsette driv også ein populær sommarkafeom sommaren kvart år. Utladalen nasjonalparksenter er ein populær stad for ulike arrangement, og senteret kan nyttast til møte, seminar, fest eller andre arrangement. Stiftinga Utladalen Naturhus har etablert Utladalen nasjonalparksenter AS, men stiftinga sjølv vart etablert i mars i 1997 av Hydro Aluminium, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane og Årdal Kommune.
Det er Stiftinga Utladalen Naturhus som organiserer skjøtselsarbeidet i heimre Utladalen, slik at kulturlandskapet framstår mest mogleg som då det var gardsdrift i dalen.
Frå Utladalen nasjonalparksenter kan ein leiga guide - anten til ein tur gjennom utstillinga, til ein rundtur i området eller til ein tur opp vidgjetne og luftige Avdalsskåri opp til Avdalen Gard.
Ta kontakt på telefon +47 905 16 686 for booking av guida tur.
Utladalen nasjonalparksenter kan også leigast til ulike typar arrangement; møte, samlingar, føredrag, presentasjonar, barnedåp, konfirmasjonar, festleg lag og liknande. Standard utstyr som prosjektor og lerret er tilgjengeleg. Mes meir på nettsida deira.
Gravdalen og Stølsmaradalen
Gravdalen
Gravdalen var tidlegare seter til Avdalen, og ligg ein times tid opp i fjellet vest for Avdalen. Turen følgjer ruta mot Stølsmaradalen fram til stiskiljet. Vår rute tek av til venstre og går først forbi Vårstølen. Hit reiste ein først til seters med dyra på vårparten. Vidare jamt bratt oppover til terrenget opnar seg og du ser dei vakre setervollane i Gravdalen. Ein draum av ein plass både somarstid og vinterstid, og eit flott utgangspunkt for turar vidare innover mot Hurrungane. Selet er låst med standard DNT-lås og ubetjent.
Stølsmaradalen
Det er ikkje så mange som har funne denne vesle perla, så ofte har du hytta og landskapet i Stølsmaradalen heilt for deg sjølv. Og for ein dal dette er! Her har du fin utsikt mot Stølsnostind, Falketind og dei andre toppane som ruvar opp på austsida av dalen. Og har du først kome til hytta kan du gjerne ta ein dag ekstra og legga turen til Stølsmaradalsfossen.
Rute:
Den lettaste ruta opp til Stølsmaradalen er å følga merkinga frå Avdalen. Ei tyngre rute er å gå via Vetti og opp den bratte Brendeteigen. Dette er meir krevjande, men særleg utsikta mot Vettisfossen vegar opp for dette.Hytta er også eit flott utgangspunkt for turar i Hurrungane.
Vormeli
Litt historie
Namnet "Utladalsholet" har også vore mykje brukt om Vormeli. Utladalen Naturhus administrerer i dag vedlikehald av bygning, overnattingstilbod og skjøtsel av kulturlandskapet.
Ei gruppe som kalla seg Vormelis Venner, restaurerte eitt av husa midt på 70-talet og hadde sidan ansvaret for oppfølging fram til 2014. Sidan då har Utladalen Naturhus teke ansvaret, etter avtale med Vormelis Venner, og eigar av staden, som er Eide Gard i Luster.
Vormeli var utgangspunkt for Slingsby, Mohn og Lykken sin vidgjetne tur til Store Skagastølstind, der Slingsby greidde å koma seg til toppen, medan kompisane venta i skaret mellom Store og Vetle, som har fått namnet Mohn's Skar.
Slingsby er offisielt tilkjend æra av å vera fyrst på denne toppen, som gjerne blir kalla "Storen" på folkemunne.
Overnatting
På Vormeli kan du overnatta så sant du har med deg DNT-nøkkel. Ubetjent overnatting. Betalingsinformasjon finn du i huset.
Spørsmål?
Kontakt tilsynsansvarleg Ole Magnar Nundal på tlf +47 959 97 045.
Avdalen Gard
Avdalen Gard er ein flott plassert fjellgard i Utladalen, som ligg like ovanfor den spektakulære Avdalsfossen.
Garden er fint restaurert både med hus og kulturlandskap, og vert i dag drifta av Stiftinga Avdalen Gard. Stiftinga sitt styre er sett saman av representantar frå grunneigarane, familie, eldsjeler og bygdefolk som alle brenn for Avdalen og Utladalen på kvar sine vis. Arbeidet dei har lagt ned er grunngjevande for at Avdalen Gard i dag kan vera open og tilgjengeleg for turfolk som ønskjer overnatting.
Avdalen Gard er betjent i sommarsesongen frå slutten av juni til byrjinga av september. Utanom sesongen er eine stabburet ubetjent (DNT nøkkel).
Vetti Gard
Vetti Gard Turiststasjon har vore ein viktig stad for fjellfolk sidan fjellpionerane fann vegen innover Utladalen alt på 1800-talet. Edvard Grieg uttalte i si tid at han vart 10 år yngre for kvar gong han besøkte Vetti - og har ein først funne vegen dit èin gong, er sjansen stor for at ein vender attende. Garden har husa andre kjende folk også - som Nansen, Slingsby og Dronning Sonja.
I dag er Vetti Gard Turiststasjon ein sommaropen gard som ligg i hjarta av Jotunheimen. Garden har 13 rom , unik sovesal i den gamle låven og totalt 30 senger. Ekstrasenger/madrasser kan plasserast på låven i tillegg.. Garden har matservering i sommarsesongen.
Ring + 47 57665800 for meir informasjon og booking, eller send epost til post@vettisriket.no.
Utladalen landskapsvernområde
Utladalen landskapsvernområde vart oppretta 05. desember 1980 saman med Jotunheimen nasjonalpark. Verneområdet dekkjer eit areal på ca. 300 km2. Landskapsvernområdet ligg på vestsida av Jotunheimen nasjonalpark, i kommunane Årdal og Luster. Verneforskrifta vart revidert 14.11.14.
Frå om lag vasskiljet på Sognefjellet, strekkjer verneområdet seg ned Vetle- og Storutladalen langs Utla til Hjelle. Sidedalane Skogadalen, Uradalen og Fleskedalen i aust og Stølsmaradalen og Gravdalen i vest er også innan landskapsvernområdet.
Kjende turistattraksjonar som Vettisfossen, Skogadalsbøen Turisthytte, Avdal gard, Vetti gard og Utladalen Naturhus er sentrale i verneområdet.
Kvifor vern?
Føremålet med landskapsvernområdet er å verne eit vilt og vakkert vestlandskap med naturmiljø og kulturminne i tilknyting til Jotunheimen nasjonalpark, samstundes som områda skal kunne nyttast til landbruk, friluftsliv, jakt og fiske.
Verneforskrift for Utladalen landskapsvernområde
Forvaltningsplan for Jotunheimen nasjonalpark og Utladalen landskapsvernområde
Skjøtselsplan for Utladalen landskapsvernområde
Kart over verneområdet
Revidert verneforskrift:
I 2004 vart det sett i gang ein prosess for å revidere verneforskriftene for Jotunheimen nasjonalpark og Utladalen landskapsvernområde. Desse vart endeleg vedtekne av Kongen i statsråd 14.11.14. Meir info om prosessen bak, sjå her.
Kjelde: www.nasjonalparkstyret.no