Fjord og Fjellruta
Reis bærekraftig mellom nokre av dei mest spektakulære fjord- og fjellområda i landet.
Opplev regionen på ein miljøvennleg måte
Fjord og Fjellruta knyter saman fjellbygder, fjordlandskap, kulturhistoriske vandreruter og kjende naturopplevingar i møtet mellom Jotunheimen og Sognefjorden. Med den nye bussruta blir det enklare å besøke stader som Utladalen og Vettisfossen, Kongevegen over Filefjell, Lærdalsøyri, Aurlandsfjellet, Aurland, Flåm og Gudvangen – utan å vere avhengig av eigen bil.
Ruta er utvikla hovudsakleg for tilreisande gjester som ønskjer å oppleve regionen på ein meir fleksibel og miljøvennleg måte. Samstundes gir tilbodet nye moglegheiter for lokalbefolkning, hyttegjester og andre reisande som ønskjer å nytte kollektivtransport mellom fjord og fjell.
Sesong 2026: 1. juli – 31. august
Meir informasjon: www.fjordfjellruta.no