Om visitardal.no
Ein historie om samarbeid i ein kommune der folk er vande med slikt…
Samarbeid mellom gode krefter
Visit Årdal er eit felles løft for å vise fram alt det unike kommunen har å by på.
Gjennom samarbeid mellom Årdal Utvikling (Årdal kommune) og lokale reiselivsaktørar skal vi gjere Årdal til eit endå meir attraktivt reisemål for besøkande frå inn- og utland. Med storslått natur, rik industrihistorie og opplevingar i verdsklasse har Årdal eit stort potensial som reisemål. Visit Årdal skal inspirere fleire til å oppdage fjella, fjorden, kulturen og menneska som gjer kommunen heilt spesiell.
Kontakt Visit Årdal: post@visitardal.no
Besøk Årdal Turistkontor