Utladalen - vill og vakker

Utladalen har det med å setja spor hjå dei som finn vegen dit. Det er noko med det mektige landskapet som inviterer ein inn. I Utladalen buldrar og brusar det i rennande vatn. Fossane kastar seg ut frå fjellsidene, og elva Utla renn med kraft og fart gjennom heile dalføret heilt ned til Årdalsvatnet. Her kjem våre beste tips til ditt eventyr inn i denne fantastiske dalen:

1) Utladalen Naturhus

Naturhuset-framside3.jpg

8. juli opnar Utladalen Naturhus for sesongen. Utladalen Naturhus er drive av ei stifting, som tek ansvar for både skjøtsel og tilrettelegging i Heimre Utladalen, drift av sommarkafèen i Naturhuset og overnatting/servering ved Avdal Gard. I tillegg fungerer Utladalen Naturhus som informasjonssenter for Utladalen landskapsvernområde og Jotunheimen Nasjonalpark. På den gamle låven finn du ei utstilling som fortel historia om både kultur og natur i Utladalen og Vest-Jotunheimen. Ta turen innom når du går forbi - og gode vafler har dei også!


2) Overnatting

Når ein er på reise er staden ein overnattar ein viktig del av heilskapen, og i Utladalen finn du dei verkeleg unike overnattingsstadene som vil brenna seg fast i minnet. Ved inngangen til dalføret, med enkel tilkomst rett ved bilvegen, finn du Svalheim Gard. Svalheim gard har truleg ei 1000 år lang historie med røter frå før vikingtida. Det er spor som syner at det har vore aktivitet på Svalheim allereie frå yngre jernalder, og dessutan er Svalheim gard nemnd i skriftlege kjelder frå 1600-talet.

Startar ein på turen innover Utladalen frå parkeringa på Hjelle, så kjem ein ganske raskt til ein avstikkar oppover fjellsida til Avdalen. Følgjer ein denne stien endar ein opp på Avdal Gard - og alt ligg til rette for ei oppleving av dei sjeldne. Garden har lang historie, og ei stifting har restaurert husa slik at garden kan ta i mot turfolk som treng overnatting. Her kan ein også stikka innom sommarkafèen og kjøpa seg noko godt å eta eller drikka dersom ein kjem vandrande. Du bookar Avdalen Gard enkelt på nett her.

Tek du turen frå parkeringa på Hjelle og heile folkevegen til endes, så kjem du til perla Vetti Gard. Vetti Gard har vore turiststasjon sidan 1875, og både Edvard Grieg, William C. Slingsby, Fritjof Nansen og Dronning Sonja har overnatta her. Vetti Gard er ein naturleg stoppestad på vegen til Vettisfossen, og her kan du overnatta eller heilt enkelt nytta deg av serveringstilbodet i kafèen.


3) Tindevegsbussen

Tindevegsbussen.JPG

Og til sist skal du få eit verkeleg stalltips! Har du planar om å gå den klassiske fjellturen frå Turtagrø/Sognefjellet over til Skogadalsbøen og ned Utladalen, så bør du starta turen ved å setja frå deg bilen på parkeringa på Hjelle i Øvre Årdal. Hjelle er siste stoppestad på denne ruta, og i staden for å måtta hasta ned Utladalen for å rekka bussen tilbake til Turtagrø tidleg på morgonen, så kan du ta deg all tid i verda dersom det er bilen som ventar deg her. Løysinga er enkel: Start turen ved å parkera bilen på Hjelle på morgonen dagen du har tenkt å starta turen, ta Tindevegsbussen til Turtagrø (den går 08:55 frå Hjelle), og start turen der. Slik sikrar du ei stressfri vandring gjennom verdas vakraste dal. Og bussen bookar du enkelt her:

Torunn Todal Laberg