Tya bakeri (9) Veri Media LO.JPG

Handel i Årdal

Årdal er eit urbant bygdesamfunn som kan by på eit variert utval innan handel. Midt i sentrum av Øvre Årdal finn ein eit kjøpesenter med eit utval butikkar, og bygda elles har fleire tilbydarar innan detaljehandel, klede, sko, sportsutstyr, byggevare, trelast, daglegvare og møblar. I tillegg finn ein både vinmonopol, frisørar og apotek.

Ønskjer du meir informasjon om dei ulike tilbydarane? Ta ein kikk i Årdalsguiden ved å klikka på lenkja nedanfor.