Bakst og brygg i same tygg

Henrik Rønningen og co opnar no Tya Bakeri & Kafè og Tya Bar igjen - Årdal sitt svar på Temple Bar Street i Dublin midt i sentrum av Øvre Årdal.

Mange nye sitjeplassar er klare!

Mange nye sitjeplassar er klare!

- Me skal halda ope kvar einaste dag frå kl 10-23 ut august, og konseptet er som før at gjestene kan nyta både ferske bakevarer og ferskt handverksøl.

Nytt for sesongen er ei solid utviding av serveringsområdet ute, med totalt 350 sitjeplassar, fordelt på teltet, takserveringa og utedelen ved bakeriet. I tillegg er det plass til 50 inne.

- Kafèen vil vera open frå 10-17 kvar dag, med lunsjrettar frå kl 12-15 og middagsrettar frå kl 15-21, fortel Rønningen.

Gjengen på Tya ser lyst på resten av sommaren, og gler seg til å ta i mot både lokale gjester og langvegsfarande.

- Det har vore bra trøkk i Årdal så langt denne sesongen, så det er flott at me no kan opna dørane og få servert dei skikkeleg.


Ope friluftsbad

Her kan ein nyta late sommardagar. FOTO: Årdal kommune

Her kan ein nyta late sommardagar. FOTO: Årdal kommune

I gangavstand frå Tya Bakeri & Kafè finn me friluftsbadet. Utebassenga i Årdal held ope kvar einaste dag fram til skulestart. Her kan du boltra deg i oppvarma vatn frå kl 11.30 til kl 19.00.

Prisane er kr 40 for barn og kr 80 for vaksne. Born under 5 år badar gratis.

Bassenget på Årdalstangen ligg i gangavstand frå Klingenberg Hotel, og opnar kl 12.00.




Turistkontor rett over vegen

Årdal Turistkontor ligg rett over vegen for Tya Bakeri & Kafè, så er det noko du lurer på i samband med opphaldet ditt i Årdal, stikk innom der og spør. Turistvertane er lokale entusiastar med mange gode tips på lur.

Sjå elles Årdalsguiden for opningstider på butikkane og informasjon om både attraksjonar, turar og aktivitetar.

Du finn det meste i Årdal!

årdal turistkontor.jpg

Velkomen!

Torunn Todal Laberg