Vandring i Årdal

Har du lyst til å bruka seinsommaren til vandring i fjellet, så er Årdal det perfekte utgangspunktet for deg. Her finn du dramatisk natur og spektakulære utsynspunkt - og sjølv den mest hardbarka fjellvandrar let seg gripa. Det er ikkje utan grunn at klatrepionerar, kunstnarar og fjellfolk har funne vegen til Årdal opp gjennom historia - men det fine er at mange av turane framleis er løynde perler som i hovudsak er kjende for lokalbefolkninga. Her kjem våre tre beste tips til tur med utsikt i Årdal:

1) Blåberggruvene - nærtur som gir full utteljing

Start på Torget i Øvre Årdal. Følg Storevegen og Flotavegen mot Øvstetun og starten på Tindevegen - bilvegen opp Fardalen mot Turtagrø. I fjerde svingen kryssar de over Fardøla ved å gå over Kleivi bru, og herifrå held de fram på tydeleg sti som fører deg opp til eit gruveområde som for 300 år sidan var i full drift.  Dei gamle kopargruvene er eit spennande turmål i seg sjølv for både små og store, og ein får eit vakkert utsyn over heile Øvre Årdal, Årdalsvatnet og mot Bøttejuv. Ein kan også skimta Årdalstangen i det fjerne. Tid: ca 1,5 time.

FOTO: Rigmor Øygarden og Jan Ove Skjerping

 


 

2) Bøttejuvet - topptur som gir deg luft under vengjene

Frå Strupesvingen i Seimsdalen startar ein ut frå infoskiltet der det også er parkering. Ein går på traktorveg opp Strupane. Herifrå på god sti i kupert terreng til vegskilet der ein tek av til høgre mot Bøttejuv. Opp til Skår går det i skogkledd, bratt terreng. Eit stykke ovanfor Skår flatar stien ut, og ein følgjer denne eit stykkje, før ein skal ta til høgre. Frå Bøttejuv (1322 moh) har ein panoramautsikt til blant anna Hurrungane og Øvre Årdal. Tidsbruk: ca 5 timar t/r.

Foto: Rigmor Øygarden

 


 

3) Botnanosi - årdølene sin favoritt

Utgangspunktet er torget i Øvre Årdal. Tøff start opp Mjøbakken, men vel 100 meter etter husrekka tek du av til venstre (80moh) frå asfaltvegen og kjem inn på  fin sti som er godt merka.  På ca 160 meters høgde passerar du standplassen på skytebana til Farnes skyttarlag. Her går stien noko flatare gjennom skog av småbjørk før han stig meir og kjem over i ur og fjell.  Siste kneiken verkar nok litt bratt sett nedanfrå, men når ein kjem nærare innpå så løyser det seg opp og det er greitt å ta seg fram likevel. Ta gjerne ein tur ut på utsiktspunktet "Bringestein", før du held fram oppover mot Botnanosi. Nokre stader er det utsett og bratt, så ta det rolig og hald deg på stien. Utsikta frå Botnanosi på 1387 moh er topp ti!

FOTO: Rigmor Øygarden

Torunn Todal