Årdal Turistkontor ope kvar dag

Visit Årdal turistkontor.png

Årdal har lenge vore kjend for å vera ei bygd med ei heilt spesiell dugnadsånd, og nok ein gong kjem dette til syne på beste vis. Laurdag 20. juni opnar Årdal Turistkontor dørane i Storevegen 13, og vertskapen der er sett saman av frivillige pensjonistar som brenn for å vera gode ambassadørar for bygda si. Årdal kommune har ansvaret for tilrettelegging av lokala, medan Visit Årdal har ansvaret for å kursa turistvertane og fylla kontoret med informasjonsmateriell.

Årdal kommune er ein av svært få kommunar i fylket som driftar sitt eige turistkontor i år, då fleire andre held stengd eller delvis stengd som følgje av den vanskelege situasjonen kring koronapandemien.

Me håpar du legg turen innom Årdal Turistkontor i løpet av sommaren, for der får du kvalifiserte tips frå lokalkjende turistvertar, i tillegg til kart, brosjyrar og anna informasjonsmateriell.

Velkomen til Årdal - der Sognefjorden går på land og du finn vegen inn i Jotunheimen.

Årdal Turistkontor

Adr: Storevegen 13, 6884 Øvre Årdal

Tlf: +47 908 14 274

Epost: post@visitardal.no

Opningstider: 20. juni - 20. august

måndag - søndag kl 11:00 - 19:00


Torunn Todal Laberg