Topp 3 sentrumsnære turer i Årdal

Litt utanfor allfarveg finn du spennande opplevingar for både store og små. Kva lurer inst inne i kopargruvene, skal tru? FOTO: Jan Ove Skjerping

Litt utanfor allfarveg finn du spennande opplevingar for både store og små. Kva lurer inst inne i kopargruvene, skal tru? FOTO: Jan Ove Skjerping

Vettisriket gir deg dei 3 beste turane å gå i Årdal med sentrumsområda som utgangspunkt. Du har ikkje sett Årdal før du har sett det frå oven! Fjord og fjell så langt auga rekk er balsam for sjela og gjer det vel verd å gå opp dei bratte fjellsidene mot målet.

1. Blåberggruvene

Start på Torget i Øvre Årdal. Følg Storevegen og Flotavegen mot Øvstetun og starten på Tindevegen - bilvegen opp Fardalen mot Turtagrø. I fjerde svingen kryssar de over Fardøla ved å gå over Kleivi bru, og herifrå held de fram på tydeleg sti som fører deg opp til eit gruveområde som for 300 år sidan var i full drift.  Dei gamle kopargruvene er eit spennande turmål i seg sjølv for både små og store, og ein får eit vakkert utsyn over heile Øvre Årdal, Årdalsvatnet og mot Bøttejuv. Ein kan også skimta Årdalstangen i det fjerne. Tid: ca 1,5 time


2. Heirsnosi "Tusenmeteren"

Start på Torget i Øvre Årdal. Gå opp Tyinvegen (RV 53) til du kjem til 400-meteren, der den gamle vegen opp fjellsida snirklar seg i smale svingar. Følg grusvegen heilt til topps, og du vil få eit fantastisk utsyn over både Øvre Årdal, Årdalsvatnet og Hurrungane i det fjerne. Eit alternativ er å ta sykkelen fatt frå Sletterust, og sykla den gamle anleggsvegen heilt ut til "tusenmeteren" og deretter ned svingane til Øvre Årdal. Tid: ca 2-4 timar.


Frå Middagshaugen. FOTO: Jan Ove Skjerping

3. Middagshaugen

Start på Torget på Årdalstangen. Middagshaugen med sine 1122 moh er eit fantastisk flott turmål for dei med sans for utsikt og motbakkar. Køyr på Fv 53 til Årdalstangen, og stopp ved Haugane. Stien går frå vassbassenget øvst oppe på «Tippen» gjennom skog og vakkert landskap. Du skal følgja stien mot Geisdalen over Geisdalsbekken og opp til Finnsåsen og Middagshaugen. Nokre stader er det luftig og bratt, men stien er tydeleg merka heile vegen. Frå varden på Middagshaugen har du fantastisk utsikt over Årdalstangen, Sognefjorden og mot Hurrungane i Jotunheimen. Tid: ca 5 timar.

TurerTorunn Todal