5 barnevennlige opplevingar i Årdal

Årdal har mykje å by på for den aktive barnefamilien. Ta med heile familien ut på eventyr!

1) Friluftsbasseng i Årdal

Plaskebasseng for dei minste, 90 cm djupt basseng for symjetrening og stort basseng med vannsklier og oppvarma vatn. Her er det fritt fram å utfalda seg! FOTO: Årdal kommune

Plaskebasseng for dei minste, 90 cm djupt basseng for symjetrening og stort basseng med vannsklier og oppvarma vatn. Her er det fritt fram å utfalda seg! FOTO: Årdal kommune

I Årdal har det eksistert utebasseng heilt sidan 60-talet, og bassenga er framleis populære i bruk for både lokalbefolkninga og tilreisande.

Øvre Årdal:

Bassengområdet i Øvre Årdal består av tre basseng - eit plaskebasseng for dei minste, eit mellomstortbasseng for dei som øver seg på å symja og eit stort basseng med oppvarma vatn og sklier. Det lokale idrettslaget driv kiosk rett ved sida av bassenget, så her ligg alt til rette for at ein kan nyta dagen. Det oppvarma bassenget gjer at vêret ikkje er ei hindring - her kan ein bada uansett lufttemperatur. Friluftsbassenget i Øvre Årdal finn du 200 meter frå sentrum. Billett ved inngang.

Årdalstangen:

Bassengområdet på Årdalstangen finn du bak rådhuset. Det oppvarma bassenget gjer at vêret ikkje er ei hindring - her kan ein bada uansett lufttemperatur. Her finn ein også fleire basseng, med stupetårn i tilknyting til det største. Flott uteområde. Billett ved inngang.


2) Familietur i tandemkajakk på Sognefjorden

Bulder & Brak Opplevingar tek både små og store med på tur på vatnet eller fjorden. FOTO: Bulder & Brak Opplevingar

Bulder & Brak Opplevingar tek både små og store med på tur på vatnet eller fjorden. FOTO: Bulder & Brak Opplevingar

Ta med heile familien på ein 3 timars padletur i stødige tandemkajakkar. Ønskjer de å padla i singelkajakkar kan de sjølvsagt gjera det også. Du kan velja mellom å padla på Årdalsvatnet eller på Sognefjorden. Bulder & Brak Opplevingar legg opp turen etter dei minste i gruppa, og tek seg god tid på turen, stoppar og går i land på fine plassar. Turen skal vera fin for alle - både store og små. Info finn de her: www.bulderogbrak.no

 

 

 

 


3) Idylliske Avdalen Gard

Overnatt på Avdalen Gard eller bruk dagen her i idylliske omgjevnader. FOTO: www.avdalen.no

Overnatt på Avdalen Gard eller bruk dagen her i idylliske omgjevnader. FOTO: www.avdalen.no

Vandring i Utladalen er ei oppleving for både liten og stor. Dalen er svært frodig og djup, og byr på mektige fossefall og dramatisk natur. Tek ein turen frå Hjelle og opp til fjellgarden Avdalen Gard, kan ein overnatta i vakre omgjevnader eller berre besøka sommarkafèen for å eta gode vafler eller is. Turen til Avdalen Gard tek om lag 1,5 - 2 timar i lettgått terreng. Første del på grusveg, før ein tek av på ein sti oppover til fjellgarden. Sauer går på beite kring garden, så hugs å lukka alle grinder - og ein hyggeleg liten høneflokk byr på ferske egg til frukost for dei som ønskjer det. Meir informasjon her


4) Dekkjungelen på Tangen skule

FOTO: Torunn Todal Laberg

FOTO: Torunn Todal Laberg

Dekkjungelen på Tangen skule er eit ynda mål for born og unge i Årdal, og vel verdt eit besøk også for tilreisande. Fri tilgang. Ta med mat og drikke og ro ned - her blir ikkje borna leie før det har gått mange timar. 

Dekkjungelen ligg i tilknyting til Tangen skule på Årdalstangen. Du finn det ved å køyra oppover langs Hæreidselva. Parkering ved skulen. 

 


5) Tur inn Utladalen til Vettisfossen

Vettisfossen er eit imponerande skue for heile familien, og ein overkommeleg tur for dei aller fleste. Foto: Bulder & Brak Opplevingar

Vettisfossen er eit imponerande skue for heile familien, og ein overkommeleg tur for dei aller fleste. Foto: Bulder & Brak Opplevingar

Inst i Heimre Utladalen finn du imponerande Vettisfossen. Turen hit kan vera dryg for dei aller minste (ca 5,5 km èin veg), men tek ein tida til hjelp, er turen overkommeleg for dei aller fleste. Eit godt tips er å ta med sykkel eller barnevogn på den 4,5 km lange Folkevegen, som er grusvegen mellom Hjelle parkering og Vetti Gard. Ved Vetti gard må ein over på sti, så her må ein ta beina fatt. Stopp gjerne ved Vetti Gard og fyll på med is og vafler, før de går siste delen av turen inn til fossen. Info om Vettisfossen.

Torunn Todal