Norgesferie i år?

Visit Årdal

Årdal ligg midt mellom alt, der Sognefjorden går på land og du finn vegen inn i Jotunheimen gjennom Utladalen. Årdal er nasjonalparkkommune med 30% av arealet sitt innanfor grensene til Jotunheimen nasjonalpark. Her finn du turar til spektakulære utsynspunkt, Vettisfossen med sitt frie fall på 275 meter, autentisk kulturlandskap i Utladalen landskapsvernområde, oppvarma friluftsbasseng i sentrum av både tettstaden i Øvre Årdal og Årdalstangen. I tillegg byr Årdal på nokre av dei verkeleg klassiske fjellturane Jotunheimen har å by på, og du kan bli med på padlekurs, padletur eller vandretur med guide med Bulder & Brak Opplevingar. Om ein heller vil vera ombord i ein båt, kan ein booka plass på historiske M/B Tya, og få eit guida fjordcruise i den indre delen av Sognefjorden.

Overnatting

I Årdal finn du også ulike alternativ for overnatting - frå komfort på Klingenberg Hotel til unike høgdegardar i Utladalen og sjøbua ved fjorden i Indre Ofredal. Utladalen camping ligg også sentralt plassert ved inngangen til Utladalen.

Ein køyretur for minneboka

For å koma til Årdal kan ein også velja dei flotte vegane over fjellet - anten frå Turtagrø over Tindevegen til Årdal, eller ved at ein følgjer fv 53 langs fjorden frå Sogndal/Lærdal og inn til Årdal, eller om ein kjem austanfrå på fv 53 frå Tyinkrysset til Årdal. Desse rutene er turistattraksjonar i seg sjølv med utsyn til dei store tindane i Jotunheimen.

Ta kontakt med oss om de ønskjer hjelp til planlegging eller tilrettelegging.

Torunn Todal Laberg