Vettisfossen

Vettifossen er det høgste verna fossefallet i Nord-Europa med eit fritt fall på 275 meter. Vettifossen er kåra til Noregs vakraste foss - ikkje utan grunn! Den vanlegaste måten å oppleva fossen på er ved å gå Folkevegen til Vetti, og deretter vidare på sti til fossen. Dette tek vanlegvis 3-4 timar. Vegen opp er rik på naturopplevingar. Fossen er og kjent frå litteraturen.

I boka "Under storen" skriv Jan Schwarzott:
”For ved å syna seg eineståande velskapt, veit Vettisfossen råd for eit oppbod av høve til opplevingar som ikkje finst annan stad i verda. Trass i enorme dimensjonar let dronninga seg sjå frå alle tenkjelege kantar, stadig med uhindra utsikt til heile det beine fallet".

Gasta Design