Vinterpadling

Bulder & Brak Opplevingar tek deg med på vinterpadling på Sognefjorden. Foto: bulderogbrak.no

Bulder & Brak Opplevingar tek deg med på vinterpadling på Sognefjorden. Foto: bulderogbrak.no

Vinterpadling

Opplev Sognefjorden frå kajakk også vinterstid. Bulder & Brak Opplevingar arrangerer vinterpadleturar i Årdal heile vinteren! Eit sjeldan vinterlandskap ventar deg.

Viktig informasjon:

Du treng godt med varme klede for å vera ute ein heil dag i minusgrader. Bulder & Brak Opplevingar stiller med alt nødvendig padleutstyr inkl tørrdrakter med handskar og hette. Turane vert lagt opp som halvdagsturar på ca 3-4 timar totalt. Vanskegraden er lett, og ein treng ingen forkunnskapar for å vera med på denne turen.

I tillegg treng du:

  • To par tjukke sokkar til å ha på beina inni tørrdrakta

  • Klesskift i ull

  • Vindtett jakke/anorakk og bukse

  • Tjukk ullgensar/fleece/dun

  • Skjerf, lue, to par handskar/vottar, ekstra ullsokkar

Torunn Todal