Friluftsbad

Årdal har to flotte anlegg for friluftsbad - rett ved sentrum i både Øvre Årdal og på Årdalstangen. Årdal har med anlegget i Øvre Årdal mellom anna vore arrangør av NM i symjing, så anlegget held internasjonal standard.

Øvre Årdal

Bassenget i Øvre Årdal er 50x25 meter og vert oppvarma til 28 grader. Anlegget har også plaskebasseng for dei minste, sklier og stort grøntareal for avslapping og aktivitetar. Bassenget har dusjar, toalett og garderobe. Rett ved sida av bassengområdet finn du også ein ny klatrepark for born med treningsstativ også for vaksne. Kioskutsal ved bassengområdet.

Opningstider:

03.-16. juni 2022

Måndag til fredag 16:00 - 19:00

Laurdag og søndag 11:30 - 19:00

Måndag 2. pinsedag ope frå 11:30 - 19:00

17. juni - 14. august 2022

Ope kvar dag frå 11:30 - 19:00

Årdalstangen

Bassenget på Årdalstangen har stupetårn i tillegg til plaskebasseng for dei minste, stort grøntareal for avslapping og garderobeanlegg.

Opningstider: kvar dag frå skuleslutt til skulestart kvar sommar.

Prisar: 

Born 0 - 5 år: gratis Born 6 - 16 år: Kr 50,-
Vaksne 16+: Kr 90,-


Gasta Design