Nærturar i Øvre Årdal

Visit Årdal gir deg dei 5 beste turane å gå i Øvre Årdal med sentrum som utgangspunkt. Du har ikkje sett Årdal før du har sett det frå oven! Fjord og fjell så langt auga rekk er balsam for sjela og gjer det vel verd å gå opp dei bratte fjellsidene mot målet.

1) Blåberggruvene

FOTO: Torunn Todal Laberg

FOTO: Torunn Todal Laberg

Start på Torget i Øvre Årdal. Følg Storevegen og Flotavegen mot Øvstetun og starten på Tindevegen - bilvegen opp Fardalen mot Turtagrø. I fjerde svingen kryssar de over Fardøla ved å gå over Kleivi bru, og herifrå held de fram på tydeleg sti som fører deg opp til eit gruveområde som for 300 år sidan var i full drift.  Dei gamle kopargruvene er eit spennande turmål i seg sjølv for både små og store, og ein får eit vakkert utsyn over heile Øvre Årdal, Årdalsvatnet og mot Bøttejuv. Ein kan også skimta Årdalstangen i det fjerne. Turen er tidvis bratt. Tid: ca 1,5-2 timar


2) Heirsnosi “Tusenmeteren”

FOTO: Lars-Kristian Fauske

FOTO: Lars-Kristian Fauske

Start på Torget i Øvre Årdal. Gå opp Tyinvegen (FV 53) til du kjem til 400-meteren, der den gamle vegen opp fjellsida snirklar seg i smale svingar. Følg deretter grusvegen heilt til topps, og du vil få eit fantastisk utsyn over både Øvre Årdal, Årdalsvatnet og Hurrungane i det fjerne. Eit alternativ er å ta sykkelen fatt frå Sletterust, og sykla den gamle anleggsvegen heilt ut til "tusenmeteren" og deretter ned svingane til Øvre Årdal. Tid: ca 2-4 timar.

Hausten 2020 går det føre seg anleggsarbeid på gamlevegen, som kan føra til at vegen blir stengd for all ferdsel i periodar.


3) Ramneberg og Botnanosi

FOTO: Rigmor Øygarden

FOTO: Rigmor Øygarden

Utgangspunktet er torget i Øvre Årdal. Tøff start opp Mjøbakken, men vel 100 meter etter husrekka tek du av til venstre (80moh) frå asfaltvegen og kjem inn på  fin sti som er godt merka.  På ca 160 meters høgde passerer du standplassen på skytebana til Farnes skyttarlag. Her går stien noko flatare gjennom skog av småbjørk før han stig meir og kjem over i ur og fjell.  Siste kneiken verkar nok litt bratt sett nedanfrå, men når ein kjem nærare innpå så løyser det seg opp og det er greitt å ta seg fram likevel. Ta gjerne ein tur ut på utsiktspunktet "Bringestein", før du held fram oppover mot Botnanosi. Dei lokale kallar utsiktspunktet Ramneberg. Du kan fint enda turen her og få full utteljing med omsyn til utsikt, men vil du kjenna på at du verkeleg får luft under vengene bør du halda fram mot varden på Botnanosi. Nokre stader er det utsett og bratt, så ta det rolig og hald deg på stien på veg vidare oppover. Utsikta frå Botnanosi på 1387 moh er topp ti, og mange årdøler sin absolutte favoritt. Tid: 2-3 timar opp.


4) Åsen og Åsenosi

FOTO: Rigmor Øygarden

FOTO: Rigmor Øygarden

Utgangspunktet er torget i Øvre Årdal. Herifrå kan du køyra bilen din til parkeringa nedanfor Moa (følg FV 53 mot Tyin og ta av mot Moa eit lite stykke etter at du har passert Hydro Aluminium). Følg vegen mot Moa og hald til venstre etter den vesle brua. Der finn du parkering til bilen. Alternativet er at du går frå torget i Øvre Årdal mot Hydro Aluminium, og følgjer gangvegen på baksida av fabrikken til parkeringsplassen under Moa. Dette er også utgagnspunktet for tur til dagsturhytta på Moakamben og til platået på Ytre Moa der de kan studera både gravhaugar og hustufter frå vikingtida. Stien til Åsen og Åsenosi startar bak garasjen lengst til høgre ved bustadhusa på Moa. Følg stien oppover dalen til du kjem til stiskiljet med skiltet “Åsen”. Ta av til venstre oppover mot Fugleåsen/Svalheimsåsen. Hald deretter til høgre når du kjem opp på åsryggen, og følg stien heilt til stølen på Svalheimsåsen. Åsen er ein fin plass når ein kjem opp.  I nord dukkar Hurrungane fram med Stølsmaradalstindane, Midtmaradalstindane, Storen, Styggedalstindane og Gjervvasstinden, og utsikta ned att mot Årdalsvatnet og med Bøttejuv midt i mot er flott. Her kan ein velja å enda turen og returnera ned att same vegen, eller ein kan halda fram oppover mot Åsenosi (1222 moh) på merka sti frå Åsen. Tid: 2-4 timar opp.


5) Dagsturhytta på Moakamben

FOTO: Torunn Todal Laberg

FOTO: Torunn Todal Laberg

Dagsturhytta i Årdal er plassert på Moakamben, over Ytre Moa. Hytta ligg på ca. 245 moh. Ein kan starte turen frå Moa eller frå Lykkja i Utladalen. Dagsturhytta er eit lågterskeltilbod for turgåarar - ein plass for å ete matpakka si, få litt varme i seg og bla i bøker. Kvar hytte har eit nynorsk turbibliotek med mange ulike bøker.

Med bil: Ein kan parkere på parkeringsplass ved Moa. Følg skilting til Moakamben frå parkeringsplassen på Moa. Etter ca. 200 m tek stien av opp til venstre. Stien er bratt i starten, men flatar ut etter kvart. Du brukar om lag 40 minutt frå parkeringsplassen fram til hytta.

Til fots eller sykkel: Følg sti frå Lykkja i Utladalen. Det er ingen parkering her. Hald til høgre ved stidelen på Moa-åsen. Det er fleire alternative ruter/stiar til turposten til Årdal Turlag. Pass på at du ikkje tek av på sti til høgre ned mot Utladalen att! Turen til Moakamben tek normalt 0,5-1 time.

Torunn Todal Laberg