Dagsturhytta på Moakamben

IMG_4257(1).jpg

Dagsturhytta i Årdal er plassert på Moakamben, over Ytre Moa. Hytta ligg på ca. 245 moh. Ein kan starte turen frå Moa eller frå Lykkja i Utladalen. Dagsturhytta er eit lågterskeltilbod for turgåarar - ein plass for å ete matpakka si, få litt varme i seg og bla i bøker. Kvar hytte har eit nynorsk turbibliotek med mange ulike bøker.

Med bil: Ein kan parkere på parkeringsplass ved Moa. Følg skilting til Moakamben frå parkeringsplassen på Moa. Etter ca. 200 m tek stien av opp til venstre. Stien er bratt i starten, men flatar ut etter kvart. Du brukar om lag 40 minutt frå parkeringsplassen fram til hytta.

Til fots eller sykkel: Følg sti frå Lykkja i Utladalen. Det er ingen parkering her. Hald til høgre ved stidelen på Moa-åsen. Det er fleire alternative ruter/stiar til turposten til Årdal Turlag. Pass på at du ikkje tek av på sti til høgre ned mot Utladalen att! Turen til Moakamben tek normalt 0,5-1 time.

Torunn Todal Laberg