Ro ein tradisjonsbåt

Du kan oppleva Årdalsfjorden og Årdalsvatnet i ditt eige tempo ved å leiga ein av dei to tradisjonsbåtane til Klingenberg Hotel. Det er lite som er meir fredeleg enn ein rotur i ein vakker trebåt.

Kvar båt har plass til 2-4 personar, og dei er utstyrt med 2 åresett, tau og flytevestar.

Bruken av desse båtane skjer på eige ansvar, men de vil få både tryggleiksinstruks og praktiske råd før avreise.

Den eine båten kan også utstyrast med segl, men då må du dokumentera at du har kunnskap om segling først.

Meir informasjon og booking: www.klingenberghotel.no

Pris:

Kr 200 pr time

Kr 600 for ein heile dag

Dersom båten må hentast tilbake frå ein annan lokasjon, så vil du bli belasta kr 300 pr time det tek å henta båten,.