Sykkelutleige I Årdal

Leig ein el-sykkel og legg ut på eventyr i Årdal. Me tilbyr kvalitetssyklar frå Merida i vår sykkelutleige. 

Du må signera vår utleigekontrakt for å få leiga sykkel hjå oss. Meir info får du ved utleigepunktet i Storevegen 13 i Øvre Årdal eller ved å ta direkte kontakt med Bulder & Brak Opplevingar.

NB! Du kan IKKJE sykla inn i Utladalen landskapsvernområde med el-sykkel. Parker då el-sykkelen ved bommen på Hjelle og ta deg ein vandretur inn i landskapsvernområdet. 

Forslag til fine sykkelturar frå sentrum:

Øvre Årdal - Hjelle (for å gå inn i Utladalen landskapsvernområde) - Øvre Årdal

Turistkontoret - vikingtuftene på Ytre Moa - Årdalsvatnet - Turistkontoret

Øvre Årdal - Tindevegen - Øvre Årdal

Ta kontakt med Bulder & Brak Opplevingar for å booka Tunnelvegen til Tusenmenteren:

Tunnelvegen frå Sletterust - Tusenmenteren t/r med transport (dagleg avgang frå sentrum frå medio juli)

El sykkel Merida eSpresso 300 SE EQ.jpg