Frå vikingtid til grøn energi

Bli med ein ekte årdøl på ei vandring gjennom historia i Øvre Årdal. Kvar laurdag vil våre lokale guidar læra deg å kjenna Årdal frå innsida - frå vikingtida og fram til i dag. Årdal si historie er prega av store kontrastar og ei ufatteleg teknologisk utvikling. Turen startar ved Årdal Turistkontor i Øvre Årdal, tek deg forbi Rallarmonumentet, Hydro Aluminium, vidare til utsiktspunktet på Moa, over det arkeologiske utgravingsområdet på Ytre Moa, ned trappene til Utladalsvegen og tilbake til Årdal Turistkontor. I løpet av vandringa vil du få informasjon om folk og fe, kultur og historie, industri og teknologi.