Fjordcruise med historiske M/B Tya

I slutten av juli 2019 kom endeleg M/B Tya til kai på Årdalstangen etter omfattande restaurering ved Ornes Båtbyggeri. Den flotte veteranbåten i «Riva-stil» vart i si tid bygd ved Bjørke Båtbyggeri i Rosendal i Hardanger. Båten har treverk i teak, mahogny, oregon pine og eik, og segla for første gong inn Årdalsfjorden i mars 1952. Etter omfattande restaurering ved Ornes Båtbyggeri i Luster er båten no klar for å på nytt segla inn Årdalsfjorden. Båten er restaurert tilbake til originale fargar med kvitt skrog og grønt tak. Båten vil ligga til kai ved Meierihopen Gjestehamn, og Årdal Sjøfront AS vil mellom anna tilby fjordcruise for turistar og grupper som ønskjer ei unik oppleving på Sognefjorden i ein båt med mykje historie.

Vil du booka tur med M/B Tya? Send ein epost til post@ardal-sjofront.no eller ring +47 952 47 424

Fjordcruise med Tya t/r Årdalstangen - Indre Ofredal: kr 500,- per person (blir satt opp på datoar me har tilgjengeleg skippar). Båten køyrer frå Årdalstangen til Indre Ofredal, ventar ved kai slik at passasjerane kan gå i land, sjå seg rundt og kjøpa kaffi/svele, for så å returnera til Årdalstangen. Total tid: max 3 timar.

Andre turar: pristilbod blir sendt etter avtale.

Nettbooking er midlertidig nede.

Send førespurnad dersom du vil på tur med båten.