Utladalen nasjonalparksenter

Utladalen nasjonalparksenter er det einaste besøkssenteret for nasjonalpark som er plassert innanfor verneområdet, og atmosfæren her er heilt spesiell. Foto: Torunn Todal Laberg

Utladalen nasjonalparksenter ligg under Skåri ved Hjelle, og er eit gamalt gardsbruk i Utladalen som var i drift fram til på 1970-talet. I 1996 starta arbeidet med å restaurera det gamle kulturlandskapet. Utladalen nasjonalparksenter opna først som Utladalen Naturhus i mai 1998, og har blitt drive av Stiftinga Utladalen Naturhus heilt sidan då. I 2024 fekk staden autorisasjon som besøkssenter nasjonalpark, og har sidan då fått på plass natursti, ny utstilling og ny profil. Føremålet er det same som før, nemleg å gje informasjon om natur- og kulturhistoria i Utladalen og Vest-Jotunheimen - med fokus på verneverdiane og naturformidling. Nalsjonalparksenteret sine tilsette driv også ein populær sommarkafeom sommaren kvart år. Utladalen nasjonalparksenter er ein populær stad for ulike arrangement, og senteret kan nyttast til møte, seminar, fest eller andre arrangement.  Stiftinga Utladalen Naturhus har etablert Utladalen nasjonalparksenter AS, men stiftinga sjølv vart etablert i mars i 1997 av Hydro Aluminium, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane og Årdal Kommune. Det er Stiftinga Utladalen Naturhus som organiserer skjøtselsarbeidet i heimre Utladalen, slik at kulturlandskapet framstår mest mogleg som då det var gardsdrift i dalen.

Frå Utladalen nasjonalparksenter kan ein leiga guide - anten til ein tur gjennom utstillinga, til ein rundtur i området eller til ein tur opp vidgjetne og luftige Avdalsskåri opp til Avdalen Gard. Ta kontakt på telefon +47 905 16 686 for booking av guida tur.

Utladalen nasjonalparksenter kan også leigast til ulike typar arrangement; møte, samlingar, føredrag, presentasjonar, barnedåp, konfirmasjonar, festleg lag og liknande. Standard utstyr som prosjektor og lerret er tilgjengeleg.

Torunn Todal Laberg