Utladalen Camping

Ved inngangen til Utladalen finn ein Utladalen Camping med hytter, bubilplass og stor teltplass. Campingen ligg flott til for turar i Vest-Jotunheimen. Like ved finn ein elva Utla, som er ei god sjøaure- og lakseelv. Fiskekort kan ein kjøpa på campingen. I området rundt campingen finn ein fleire flotte fossar; Hjellefossen, Avdalsfossen, Høljafossen og Vettisfossen. Vettisfossen er kåra til Noregs vakraste foss, og har eit fritt fall på 275 meter.

Video frå Utladalen

Gasta Design