Folkevegen til Vetti

IMG_8586.jpg

Den snautt fem kilometer lange Vettisvegen, eller Folkevegen som ein kallar den i Årdal, går frå garden Hjelle opp heimre Utladalen til dei to gardsbruka på Vetti. Vegen vart bygd i åra 1973-1977 som eit stort spleiselag mellom private og offentlege partar. Vegen kryssar elva fire stader. Å gå Vettisvegen er ei ”reise” i natur og kultur av dei sjeldne.

Folkevegen vart eit gigantisk dugnadsprosjekt, der både ung og gammal, kvinner og menn jobba saman for å realisera vegsambandet mellom Vetti og Hjelle. Frå før gjekk det kløvsti her, tilpassa hest og folk.

Det tok 5 år, og 50 000 dugnadstimar, å realisera prosjektet, som med rette har blitt omtalt som det største dugnadsprosjektet i nyare tid.

Torunn Todal Laberg