Spektakulær sykkel- og turveg

I dag er Tunnelvegen til Tusenmeteren ein ettertrakta turveg for både gåande og syklistar. Du kan velja den tunge varianten opp Røyrgatevegen frå Øvre Årdal og opp til Tusenmeteren, eller du kan starta på Sletterust og gå tur/retur Tusenmeteren på Tunnelvegen.

Startpunkt : Sletterust (Damvoktarhuset)
Tidsbruk t/r : 3 timar på sykkel
Sesong : Juni-September

Parker ved fv 53 på Sletterust og gå eller sykle til Tusenmeteren. Med sykkel følgjer du den gamle fjellvegen med nokre svært luftige parti til utsynspunktet på Tusenmeteren med utsikt over Hurrungane, Bøttejuvet og Utladalen. Du kan så velja å sykla ned dei 26 hårnålsvingane til bilvegen eller ta turen tilbake til Sletterust.

Ta kontakt med Bulder & Brak Opplevingar dersom du ønskjer å leiga sykkel eller vera med på guida sykkeltur t/r Sletterust-Tusenmeteren (gjeld sesongen 2022).

Torunn Todal Laberg