Om Røyrgatevegen til Tusenmeteren

Røyrgatevegen frå Øvre Årdal til Tusenmeteren

Røyrgatevegen frå Øvre Årdal til Tusenmeteren

Historie

Vegen Øvre Årdal - Valdres over Heirsnosi vart opna i 1934. Første gong kravet om veg frå Øvre til Valdres vart fremja, var i 1887. Anleggsarbeidet starta i 1910 av Tyinfaldene A/S.

Høgste punkt på røyrgatevegen Øvre Årdal-Tyinkrysset ligg på 1117 meter over havet (ved Tyin-vatnet) meter, og frå Øvre Årdal er høgdeforskjellen over 1000 meter opp til Heirsnosi. Vegen slynga seg i 42 svingar opp den stupbratte fjellsida.

Fjellvegen fekk bussrute

Ved opninga av fjellvegen til Tyinkrysset og Valdres i 1934 starta Peder Opheim og Valdresruta ved Ivar Opdal rutekøyring mellom Øvre Årdal og Tyin Hotell. Også Ole H. Hestetun og Alf O. Vee dreiv drosje på denne tida.

Fjellvegen mellom Årdal og Tyin vart straks ein stor turistattraksjon då den opna i 1934.

Stygg ulukke

I 1957 omkom tre personar då ein norsk personbil kolliderte med ein fransk bil og ramla utfor. Franskmannen hadde ikkje overhalde reglane om timekøyring på den smale fjellvegen. Det vil vil seie at trafikken gjekk berre ein veg ein time i slengen for å unngå møtande trafikk.

Ny veg i 1962

Ny veg mellom Årdal og Tyinkrysset vart opna i 1962. Denne vegen går i tre hårnålsvingar som er lagde i tunnel opp til 400 meters høgde. Derifrå stig vegen svakt langs fjellsida til Holsbru, og fylgjer deretter austsida av Moadalen opp til Mannsberg og vidare mot Tyinosen, der den i det vesentlege fylgjer same traseen som gamlevegen til Tyin.

Torunn Todal Laberg