Turtips: Utladalen i haustfargar

Stjernehimmel i magisk landskap

Utladalen er magisk også i stummande mørkre - og har du ei god hovudlykt er moglegheitene for tur dei same uansett om du går i mørket eller lyset. Vårt tips: finn deg ein plass der du kan sitja ned litt, slå hovudlykta av og sansane dine på. Lysforureininga inne i Utladalen er minimal, så frå eit godt utsynspunkt vil du få orkesterplass mot mjølkevegen i all sin prakt.

Fotogalleri: Hans Smedegård


Vettisfossen og Vettismorki

Sesongen for flotte turar er ikkje over sjølv om snøen har lagt seg som eit melisdryss på toppane i Jotunheimen. Utladalen har mykje å by på også på denne tida av året, og turen innom utkikkspunktet over Vettisfossen kan ein gå heile året. Turen tek omlag 4 timar t/r Hjelle. Meir informasjon finn du her.

Fotogalleri: VERI Media

Torunn Todal