Helgetur til Årdal?

Ei helg i Årdal kan by på så mykje; både fjelltur, nybakte bollar, shopping og bad.

Ein laurdag i Årdal kan vera svært innhaldsrik. Start dagen med frukost på Veekiosken eller Tya Bakeri, før du legg turen innom butikkane på Årdalssenteret eller rundt Torget i Øvre Årdal. Her finn du det meste; skobutikkar, klesbutikkar, sportsbutikk, diverse detaljhandel, interiørbutikk, møbelbutikk, apotek (som forresten i god sommarstemning har kampanje på solkrem) og vinmonopol. På Årdalstangen finn du også sportsbutikk, detaljhandel og matbutikkar. I tillegg er Sjappa på Tangen verd eit besøk om du er ute etter deilig sjokolade eller andre fine småting som ein berre MÅ ha.

Når ein har handla seg ferdig, kan ein ta lunsjen på Mama Mia, før ein legg turen til Friluftsbadet - anten i Øvre Årdal eller på Årdalstangen. Manglar du badebukse, ordnar sportsbutikkane det.

Dersom det ikkje fristar med eit bad, så ligg Utladalen og ventar i all si prakt. Den djupaste dalen i Nord-Europa vert kalla “fossane sin dal”, og her finn du også Vettisfossen, den høgste uregulerte fossen i Nord-Europa, med vatn i fritt fall i 275 meter. Eit imponerande skue!

Dersom ein betre middag lokkar meir enn å gå på tur, så er moglegheitene mange. Både Veekiosken, Mama Mia og Tya Bakeri serverer gode middagsrettar, og på Årdalstangen finn du a la carte-restauranten Strondi, vegg i vegg med Klingenberg Hotel.

Og dersom du legg turen til Årdal ei helg før sommaren er over, hugs å ta turen innom Torgkiosken, som har sommarutsal av lokalprodusert kunst og handverk laga av lokale kunstnarar.

God helg!

Framsidefoto: Sofie Moen

Torunn Todal Laberg