Indre Ofredalen

Frå tidleg på 18-hundretalet og fram til siste verdskrig var dette vesle fjordsamfunnet, Indre Ofredal, ein travel stad basert på vatn som drivkraft til mølla og sagbruket. Skogen i Ofredal hadde, og har, god kvalitet. I Ytre Ofredal fanst det eit steinbrot - og kvit granitt frå dette steinbrotet finn du i dag på Grand Hotel i Oslo. Produkta frå sagbruket i Indre Ofredal vart frakta til Bergen med eigen sognejekt og attende hadde ein med kjøpmannsvarer som vart vidareselde til sogningar som kom i robåt for å handla og mala korn. Den gamle mølla, som er laga i tre, kan du framleis sjå den dag i dag. Her kan du leiga både sjøbu og stovehus til overnatting eller festlege lag. 

Gasta Design