Tusenmeteren

Gamlevegen mellom Sletterust og Øvre Årdal er ein fin veg å sykla. Den svingar seg oppover til 1000 meter over havet. Vegen har ein tunnel som gjer at det kan løna seg å ha lykt på sykkelen. Vegen har panoramautsikt mot Hurrungane og god utsikt innover Utladalen, Øvre Årdal, Bøttejuvet og Årdalsvatnet. Ned frå høgste punktet går det rundt 40 svingar til grusvegen treff riksveg 53 nokre kilometer frå Øvre Årdal sentrum. Turen opp svingane på gamlevegen frå Øvre Årdal er ein populær fottur også blant dei lokale.

Gasta Design