Middagshaugen (1122 moh)

middagshaugen.jpeg

Start: Haugane (øverst i byggefeltet), Årdalstangen

Tid: 5 timar t/r

Km: 10,4

Høgdemeter: 80 - 1122 moh

Sesong: Mai - september

Følg FV 53 til Årdalstangen, og ta deg øvst opp i byggefeltet kalla “Tippen” på Årdalstangen. Eit godt tips er å parkera bilen i sentrum av Årdalstangen, og gå denne strekninga til fots. Det er avgrensa med parkering der stien startar. Stien tek deg gjennom skogen oppover fjellsida. Du følgjer stien til Geisdalen over Geisdalsbekken og opp til Finnsåsen og Middagshaugen. Frå Middagshaugen får du spektakulært utsyn ned mot Årdalstangen og utover Sognefjorden. Denne turen kan kombinerast med ein tur over Årdalsnosi (1092 moh) og ned til Noabøen ved Kolnostunnelen.

Torunn Todal Laberg