Jotunheimen nasjonalpark

Jotunheimen nasjonalpark har dei høgaste fjella i Noreg - med Galdhøpiggen som den høgaste toppen. Nasjonalparken er kjend som ei populær base for tradisjonelt friluftsliv, fotturar, toppturar, jakt og fiske.

Jotunheimen nasjonalpark ble etablert i 1980. Han strekk seg over eit 1151 km2 stort område i Lom, Vågå og Vang i Oppland fylke, og Luster og Årdal i Sogn og Fjordane.

Jotunheimen dekker alt frå vestlandsk natur, med høge og kvasse tindar i Hurrungane som det mest særmerkte, til austlandsk natur med store dalar og fjellvatn. Utladalen er verna som landskapsvernområde saman med Jotunheimen nasjonalpark. I denne tronge og eigenarta dalen finst varmekjær lauvskog og høge fossar.

Namnet "Jotunheimen" - kjempanes fødeland

Det var den norske diktaren Aasmund Olavsson Vinje, som gav desse fjella namnet sitt i 1862; Jøtunheimen - inspirert av det ville landskapet og norrøn mytologi. Jotun, betyr kjempe, og Jotunheimen blir difor kjempanes heim. Det er her jotnane bur. Jøtunheimen vart etterkvart til dagens Jotunheimen, med dei høgaste fjella i Noreg. 

Fjellklatring

Ser du deg sjølv på ein av dei kvassaste toppane? Fjellklatringa i Jotunheimen står like sterkt nå som da engelskmennene byrja å utforska desse fjella på 1800-talet og mange følgjer fortsatt fotspora til Slingsby og dei andre pionerane. 

Opplevingar

I Jotunheimen har vi plass til både tinderanglaren og blomsterelskaren. Både dei med høgfjell under huda og førstereisande til fjellheimen finn gode opplevingar her. Manglar du kjennskap til fjellferd på eige hand eller ønskjer du deg turfølgje? Finn fjellet saman med ein fjellførar!

Hytte til hytte 
Dei merka stiene i Jotunheimen leier deg nesten alltid til ei turisthytte. På dei fleste hyttene får du varm mat på bordet og tak over hovudet for natta, dersom du ikkje heller ordnar deg sjølv på ei av dei ubetjente hyttene. Har du telt med deg i sekken har du all verdas moglegheiter! Ta med fiskestonga også, for auren i jotunheimvatna kan lurast. Kjøp fiskekort på inatur.no

Klimapark 2469
Opplev fjell og klima på ein spennande og lærerik tur gjennom klimaparken ved Galdhøpiggen. Den guida turen blir avslutta inne i istunnelen: 60 meter inne i isen – 6000 år attende i tid. Bestill tur på klimapark2469.no.

Besseggen
Besseggen er sjølve ikonet på den norske fjellturen. Turen går delvis i luftig og bratt terreng og med klyving. Undervegs har du utsikt til Gjende og høge fjell i Aust-Jotunheimen. Denne dagsturen krev at forma er god, og at du har med mat og klede for ein dag i fjellet. Bestill billett på Gjendebåten og ta fatt på den mest kjende fotturen i Noreg. Sjå gjende.no.

Topptur
Galdhøpiggen har reist seg høgare enn alle andre fjell i Noreg. Følg ein breførar frå Juvasshytta eller gå på eige hand frå Spiterstulen. I Jotunheimen finn du storparten av 2000-meterstoppane i Noreg. Utsikta frå ein tind vekkjer lysta til å besøkje den neste, og slik byrjar tinderanglinga. Følg Høgruta i Jotunheimen – fem dagar på ski over sju 2000-meterstoppar, med lange motbakkar og bratte nedkøyringer.

Brevandring
Eventyrisen i Svellnosbreen er ei verd av is og spennande landskap, ein tumleplass for den eventyrlystne med opplevingstrang, stegjern og isøks. Å ferdast på snøbrear og blåis krev kjennskap til og erfaring med bre og utstyr - eller følgje av ein erfaren breførar.

Utladalen
På Utladalen naturhus får du eit innblikk i naturen og kulturen i dalen og Vest-Jotunheimen. Her, ved inngangen til Utladalen, kan du også nyte ein kaffe og vaffel. Gå den barnevenlege turen langs Folkevegen til Vetti gard. Fint som rusletur, med barnevogn eller sykkel!

Dyreliv

Livet i høgfjellet er berre for dei som har knekt koden. Det er ikkje for alle å overleve lange vintrar og strie vindar. Her lever dyr og fuglar som taklar tilhøve ein ikkje skulle tru var moglege å leve i. Dyrelivet i Jotunheimen spenner frå hardføre småfuglar til rovdyr med falkeblikk og skarpe nasar. Dei er alle høgfjellsspesialistar.

Jerv
Smidig og sterk streifar jerven rundt i fjella som jeger og åtseletar. Han er ein einstøing med svært store leveområde. Jerven nyt godt av den talrike førekomsten av rein, som han også deler leveområde med.

Rein
I Noreg har vi eit internasjonalt ansvar for å ta vare på villreinen: Omlag 90 prosent av den ville tundrareinen i verda finst her. Denne høgfjellsarten framfor nokon er tilpassa låge temperaturar og karrige beite, og flokkane er stadig på vandring mellom beite- og kalvingsområde gjennom året. Villreinen held til i Vest-Jotunheimen, medan tamreinlaga i Vågå og Lom driftar store tamreinflokkar aust i Jotunheimen

Fjellfuglar 
Når vi er i fjellet, både ser og høyrer vi livet i lufta. Dei store rovfuglane jaktar småvilt, gnagarar og småfuglar. Den nest største rovfuglen i Noreg, kongeørna, kan måle heile 2,2 meter mellom vengespissane. Det er hoa som er størst, noko som er vanleg hjå rovfuglane. Også jaktfalken spenner vidt mellom vengespissane: Med mål opp mot 1,6 meter er dette vår største falk. Han er ein rask jeger som vanlegvis slår byttet sitt i lufta i høg fart. På menyen står helst rype, og han hekkar difor gjerne i område med god rypebestand. Småfugl kan også bli jaktfalken sitt bytte. Fuglane er ein del av lydbiletet i fjellet. Den magiske låten til heiloen følgjer mange fjellvandrarar, og høyrer du lyden som av to steinar som smell mot kvarandre, er det steinskvetten som held auge med deg. Med si blå og raudbrune bringe er blåstrupen eksotisk å sjå til, og han finst i bjørkeskog og vierkratt også i høgfjellet.

Svingingar i fjellet
Det karrige livsgrunnlaget i fjellet gjer at mange artar er sårbare og heilt avhengige av god mattilgang og uforstyrra område. Berre slik kan dei halde oppe bestanden. År om anna kryr det av det av små og hissige lemen i fjellet. Store bestandar av smågnagarar gjev gode kår og meir føde for rovdyr og rovfuglar. I slike år slepp rypa lettare unna og får fram fleire ungar i kullet. Slik kan rypebestanden auke etter gode smågnagarår, og like eins minke etter år med låge smågnagartal.

Landskapet

Berggrunnen
Den kaledonske fjellkjeda strekkjer seg heile Noreg på langs, frå nord til sør. Ein del av denne fjellkjeda kjenner vi som Jotunheimen. Jotunheimen sine fjell og tindar er motstandsdyktige mot erosjon, noko dei harde jotunbergartane gabbro og syenitt sørgjer for. Andre stadar i Jotunheimen finn vi lausare og meir næringsrike bergartar, som gjev betre grobotn for ein mangfaldig vegetasjon.

Innsjøer
Dronninga av fjellvatna er smaragdgrøne Gjende. Den grøne farga skuldast tilførsel av brevatn. Breelvene fører med seg slam med ørsmå leirpartiklar ned i fjellvatna. Partiklane reflekterer sollyset og gjev vatna den særmerkte grøne farga. Når smeltinga i fjellet er stor, er farga på sitt mest intense.

Botanisk mangfald
Høgast av alle blomsterplantene veks issoleia: Heilt opp mot 2370 moh. oppunder Glittertinden! Så snart snøen har smelta, tittar mogopen og raudsildra også fram. Der det er godt jordsmonn veks det fleire typiske låglandsartar godt over 1000 moh. her i Jotunheimen, mellom dei liljekonvallen. Denne giftige planta vart tidlegare brukt i urtemedisinen i risikofylt behandling av hjartesjukdom, forkjøling og magevondt. Langs nordsida av Gjende og under Besseggen gjev kalkrik grunn eit botanisk mangfald i frodig fjellbjørkeskog. I bratte heng veks den kvitkledde fjelldronninga, også kalla bergfrue og lokalt kalla vianvang. Dette er Noreg sin nasjonalblome.

Lav
Kartlav er ein vanleg art i Noreg. Fordi kartlavet ikkje overlever under is, kan vi ved å sjå på storleiken rekne oss fram til kor lenge eit område har vore isfritt. Kartlavet veks sakte: Har individet ein diameter på fem centimeter, betyr det at alderen er om lag 250 år. Lavet byrjar å vekse så fort is og snø ikkje lenger dekkjer steinen heile året. Lys steinur utan lav har difor vore isfri kortare tid enn lavdekt steinur.

Ta vare på naturen vår! 

Velkomen på tur i nasjonalparken! Her er det rom for mange om vi tek omsyn til folk og dyr rundt oss. Nasjonalparkane er det beste av norsk natur. Vernet bidreg til å ta godt vare på landskapet og mangfaldet av dyr og planter. Slik kan vi fortsette å samle gode turminne også i framtida.

Allemannsretten
Du kan gå der du vil på beina og på ski. Følg gjerne merka stig eller stikka løype i nasjonalparken. Pausen di kan du ta kvar som helst. Slå opp teltet der du vil så lengje du er over 150 meter frå hus eller hytte der det bur folk. I nasjonalparken kan du plukke bær, sopp og vanlege planter til eige bruk. Omsynet til vegetasjon og dyreliv er viktig, særleg i hekke- og yngletida. Kulturminne som tufter og fangstgraver er freda, så la stein frå gamle murar liggje.

Søppel
Hugs å rydde opp etter deg og ta med deg søpla hjem.

Bål
Det er lov å tenne bål mellom 15. september og 15. april og resten av året på stader der det openbert ikkje kan føre til brann. Følg med på lokale forbod. Vis omsyn til naturen når du finn ved.

Jakt og fiske
I nasjonalparken kan du jakte og fiske som i fjellområde elles dersom du har jakt-/ fiskekort. Det er ikkje lov å bruke levande fisk som agn. Du må heller ikkje ta med levande fisk eller vått fiskeutstyr frå eit vassdrag til eit anna.

Hund i nasjonalparken
Hunden er velkomen med på tur. Mellom 1. april og 1. oktober/ 1. november skal alle hundar haldast i band. Ta omsyn til vilt, beitedyr og menneske året rundt. Særleg reinen er sårbar om vinteren og våren.

Motor-ferdsel
Framkomstmiddel med motor er i utgangspunktet forbode i nasjonalparken. Alle førespurnadar gjeldande dronebruk og anna motorisert ferdsel i nasjonalpark, må rettast til nasjonalparkstyret for Jotunheimen. 

Filming med drone
Det er ikkje tillatt å bruke drone innanfor nasjonalparkgrensene. Utanfor desse områdene er det og strenge reglar og retningslinjer for bruk av drone til leik og hobby:
1: Du skal alltid kunne sjå drona. Maksimal flygehøgde er 120 meter over bakken. Fly på ein omsynsfull måte.
2: Hald ein avstand på 150 meter frå folk, bygningar og trafikk. Gjeld trafikk på vegar, på sjøen og i lufta. 
3: Unngå å fly over festivalar, militære områder eller sportsarrangement. 
4: Ta omsyn til andre sitt privatliv. Hugs reglar for godkjenning før bruk av foto og video av andre personar. 

Klede og utstyr
Vêret i fjellet kan skifte brått både sommar og vinter. Sommaren kan by på varme og blå himmel eller låge temperaturar og tjukk skodde. Vinterturar kan gje deg sol og lang sikt eller kalde vindar og tett snødrev. Du må sjølv vurdere vêr og føre, form og ferdigheiter og førebu deg med eigna klede og utstyr.

Å ferdast i fjellet kan vera krevjande. Å vera på tur med ein fjellførar gjev tryggleik og nyttige tips. God planlegging gjev ei god turoppleving!

Kilde: miljodirektoratet.no og luftfartstilsynet.

Torunn Todal Laberg