Tunnelvegen til

Tusenmeteren står klar

Tunnelvegen vart i si tid kalla «Europas mest fantastiske bilveg»,

og gav cruiseturistane i Årdal og Lærdal ei luftig oppleving på vegen mellom Tyin og Årdal.

 

rig%C3%B8y2.jpg

 I dag – etter mange år med stenging som følgje av at vegen hadde rasa ut på utsette punkt – er Tunnelvegen på nytt i ferd med å bli løfta fram som turistattraksjon. Men før me skal freista deg med gode forslag til neste års sommarferie, lat oss sjå på historien:

Litt historie

Vegen Øvre Årdal - Valdres over Heirsnosi vart opna i 1934. Kravet om veg frå Øvre Årdal til Valdres vart for første gong fremja i 1887 som følgje av kraftutbygging, og anleggsarbeidet starta i 1910 av Tyinfaldene A/S. I sentrum av Øvre Årdal kan ein i dag sjå monumentet over sluskane, som vegbyggarane vart kalla, som grov seg fram, murte opp og bygde vegen for handemakt. Det tok mange menn og meir enn 30 år å få vegen ferdig, men i 1934 stod den klar.

Og med ein høgdeforskjell på over 1000 meter, og 42 krappe hårnålsvingar (også kalla Røyrgatevegen) frå Øvre Årdal opp til 1000 moh, vart vegen straks ein turistattraksjon!

Turistattraksjon

Fjellvegen mellom Årdal og Tyin vart altså straks ein stor turistattraksjon då den opna i 1934, og alt i 1935 kom det store turistskip. Skipa ankra opp anten utanfor Årdalstangen eller Lærdalsøyri, og cruiseturistane vart sende i mellom på «overlandsturar» med både buss og bil. På turen stoppa dei for å eta lunsj på Tyin Hotell.

Medan turistane var i land, flytta skipa seg mellom Lærdalsfjorden og Årdalsfjorden, slik at turistane vart plukka opp og frakta om bord att etter rundturen over fjellet.

Denne turisttrafikken vart seinare stansa då 2. verdskrig braut ut, og i 1962 fall store delar av grunnlaget for denne typen turisme vekk då vegen vart lagt om til dagens trasè.

KJELDE: ALLKUNNE

Støtte frå lokalsamfunnet og Kulturminnefondet

I 1964 vart vegen omklassifisert til privat veg, og har seinare blitt mykje nytta som turveg for syklistar og gåande. Men utgliding av vegbana har avgrensa bruken dei siste fem åra, og til sist var det farleg å ta seg forbi rasstaden. Både turistar og lokalbefolkning etterlyste tiltak, og Årdal Utvikling tok tak i arbeidet saman med grunneigar Ole Vee, Hydro Aluminium, Hydro Energi og Årdal kommune. Og våren 2020 kom også kulturminnefondet på bana med støtte til utbetring av vegen.

I grunngjevinga frå kulturminnefondet kunne ein lesa følgjande:

Den gamle anleggsvegen frå 1910 er på Statens Vegvesen si liste over verneverdige vegar, og er viktig for den gamle veghistoria i Årdal. Tilskotet skal gå til utbetring og reparasjon av eit område skadd av ras og utgliding. Når vegen blir sett tilbake til opphaveleg stand vil den bli ein turistattraksjon og eit reisemål.

FOTO: Rigmor Øygarden

FOTO: Rigmor Øygarden

Gjorde det umoglege mogleg

Og med den lokale entreprenøren, Olav O. Hæreid AS, på plass, kunne arbeidet endeleg starta sommaren 2020. Men det var ikkje med lett hjarte dei plasserte arbeidsfolk midt i denne rasstaden, med ein langsgåande fjellsprekk rett under. Dei som fekk jobben var såleis far og son Hæreid sjølve.

- Eg har vore med på mykje, men dette er nok noko av det kaldigaste, sa sjefen sjølv, Olav Birger Hæreid, i samband med synfaring på vegen.

Men ein som tok det heile med knusande ro, var sonen Torstein O. Hæreid.

- Me kjem jo inn med store maskiner, og kan laga oss eit heilt anna grunnlag for arbeidet enn det rallarane kunne for 100 år sidan. Det er rett og slett vegkunst det dei gjorde den gongen, seier han.

Men om Torstein let seg imponera meir over rallarane sitt arbeid, enn over sitt eige, så var det ikkje fritt for at forbipasserande på vegen nedanfor vart svimle berre av å sjå på maskinene som balanserte oppe i fjellsida. Og det er eit imponerande stykke arbeid som er utført.

- Me starta arbeidet alt i vår, så det første me måtte gjera var jo å måka snø for å koma oss dit. På det meste var det faktisk 8 meter skjæring i snøen, så det tok litt tid, humrar Torstein.

Det neste som måtte gjerast var fjellsikringa. Deretter måtte alt få ligga til tørk ei stund, og så gjekk dei gang med å mura opp att nedanfor rasstaden og setja vegen tilbake til opphaveleg stand.

- Me har mura opp att slik som det i utgangspunktet var, men med litt grovare stein og meir støtte i botn. Den gamle muren var laga for hand, så for å utbetra gravde me vekk alt av telefarlege massar. Steinane ligg no i ei hole, slik at dei ikkje skal skli ut att. Dette fekk dei ikkje gjort for 100 år sidan. Eg tør no å vedda på at vegen står i 100 år til, slår Torstein fast.

Han legg heller ikkje skjul på at det er stas å ha vore ein del av arbeidet med vegen, som han meiner ikkje står tilbake for nokon annan turistattraksjon i landet.

- Det er heilt spesielt å koma utover vegen og få heile tinderekka i Hurrungane midt i fleisen, seier han.

 

Alle foto: Torstein O. Hæreid

rallaren.jpg

Stolt ordførar

- Denne vegen er ein viktig del av historien til det samfunnet me har i dag. Den vart bygd pga kraftproduksjon, og alt me har hausta seinare var basert på innsatsen til sluskane, seier ordførar i Årdal, Hilmar Høl, og legg til at vegen no er ei spektakulær sykkel- og vandrerute for alle dei som ønskjer å vera midt i hjarta av den naturen som omkrinsar Årdal.

- Potensialet er stort, og vegen er nok for mange vel så spennande som Utladalen. Suksessen ligg og ventar på oss – det er eg heilt sikker på, seier Høl.

Foto: Porten.no

Vil ta vare på historien

Are Indrelid, kommunikasjonssjef ved Hydro Årdal Metallverk, seier seg svært nøgd med at utbetringa av vegen no er gjennomført.

- Tunnelvegen frå Slettrust til Heirsnosi  og vidare ned Røyrgatevegen til 400-meteren er ei naturperle og eit imponerande stykke historisk vegarbeid, som er viktig å ta vare på. Opplevinga av å gå eller sykla denne vegen er unik, dei trange tunnelane og dei mektige støttemurane seier litt om arbeidet dei gjorde for meir enn 100 år sidan, og med heilt anna utstyr enn i dag. Me i Hydro er stolte over å ha bidratt til at vegen no er opprusta og dermed tilgjengeleg og trygg for ferdsel, for både lokale og tilreisande, seier han, og får full støtte frå Årdal Utvikling, som også ser denne vegen som eit viktig ledd i den vidare reiselivsutviklinga i Årdal.

 

image-asset.jpeg

Skal tilrettelegga for turisme

Trine Grøttebø frå Årdal Utvikling ser med optimisme mot neste sommarsesong no som Tunnelvegen endeleg kan tilretteleggast for turisme igjen. Årdal Utvikling har hatt prosjektansvaret for den jobben som no er gjort, og resultatet er heilt fantastisk. Dei hadde ansvaret for at alt har gjekk rett føre seg med omsyn til tryggleik, og dei hadde ansvaret for å få på plass finansiering og gjennomføring.

Grøttebø er imponert og stolt over resultatet som no ligg føre.

- Me er imponerte over arbeidet som Torstein og Olav Birger Hæreid har utført. Til tross for dei smale og bratte arbeidstilhøva så har dei under heile prosjektet utført arbeidet på ein trygg og god måte. Trur ikkje det er mange som hadde klart å gjennomføre dette slik dei har gjort, seier ho.

- Me kjem vidare til å setta i gang eit prosjekt no i vinter for å få på plass informasjonsskilt som skal plasserast langs vegen for å formidla den imponerande historia, seier ho, og legg til at både Årdal kommune, Hydro Aluminium, Hydro Energi og Kulturminnefondet fortener ein stor takk for at restaureringa av denne fantastiske vegen endeleg er ein realitet.

Foto: vettisriket.no

Ein tur for 2021

Årdal er i ferd med å ta form som eit heilt unikt reisemål for 2021. Det er her Sognefjorden går på land og Utladalen utgjer inngangen til Jotunheimen frå vest. Årdal kan også smykka seg med status som nasjonalparkkommune, og har no altså rusta opp denne historiske “rallarvegen” frå Sletterust, via Tusenmeteren til Øvre Årdal, som byr på eit unikt utsyn rett inn i hjarta av Jotunheimen. Næringsaktørar i Årdal er også i ferd med å etablera eit tilbod om sykkelutleige, slik at opplevinga skal bli lett tilgjengeleg for alle. Så om du kjem til Årdal i 2021, så veit du no kva rute du bør ta.

Inspirasjon finn du her:

Alle foto: bulderogbrak.no

Og hugs: bruk emneknaggen #visitardal når du tek turen på Tunnelvegen , slik at me får ta del i opplevinga.