Gravdalen

IMG_1375.jpg

På stølen Gravdalen har Årdal Turlag tre hytter (sel) som er opne for overnatting frå 1.juli 2021. Stølen ligg på 850 meters høgde i sørenden av Gravdalen. Til stølen kjem ein lettast frå Hjelle i Utladalen. Følg grusvegen mot Vetti og ta av på god sti mot Avdalen gard og Gravdalen. Dette er normalt ein fottur på 2-3timar.

Hyttene er ubetjente og låste med DNT-nøkkel.
Det betyr at minst ein i turfylgjet må vere medlem i DNT og ha DNT-nøkkel for å kunne bruke hyttene.

Du kan melde deg inn i DNT på dnt.no/medlem. Nøkkel kjøper du frå nettbutikken til DNT.

Kvart sel har 4 sengeplassar. Pris (medlem/ikkje medlem) kr 285/400,- pr natt per seng. På grunn av Covid-19 kan det kun vere ein kohort (turfylgje) i kvar hytte.

Svalheimsselet: 4 senger, vedovn, koppar, fat og bestikk, og gasskomfyr med kokeutstyr.

Trondteigselet: 4 senger, vedovn, koppar, fat og bestikk, men ikkje kokeutstyr. 

Avdalsselet: 4 senger, vedovn, koppar, fat og bestikk, og kokeutstyr.

Alle gjester må ha med eigen lakenpose og putevar eller eige sengetøy. 

Det er ikkje matlager på hyttene.

Sjekklister og oppslag for hygiene og reinhald i samband med Covid-19 er sett opp på hyttene. Besøkande bør ha med rikelig med våtserviettar, såpe og alkoholbasert desinfeksjon.